Ivan’s Flowers (Heftet)

Author:

Astri Kleppe

Norwegian title: Ivans blomster
Author:
Binding: Heftet
Year: 2017
Pages: 96
Publisher: Cappelen Damm
Språk: Bokmål
ISBN/EAN: 9788202546762
Overview Ivans blomster

There are large spaces that open up in A. C. Kleppe's fifth collection of poetry. History, philosophy and science are natural entryways for this poet, who is not afraid to seem nostalgic either. The collection is a memorial work, based around her dead friend Ivan's life and family. The poems cross borders in Europe and are about everything that floats by – all the insights the flow of time contains.

To the top

Reviews Ivans blomster

Poetisk maksimalisme 08.09.2017

Astri Kleppe skriv fengande dikt med slyngande setningar og pulserande bilete.Det som særmerkjer dikta til Astri Kleppe, er diksjonen, lineføringa og den pulserande biletlege knoppskytinga. Ho hektar saman ord og bilete i strøymande og fengande setningsslynger. Forma, og til dels innhaldet, gir dikta eit lett arkaisk og noko gamalmodig preg. Men nett dette formspråket gjer også Astri Kleppe til ei eineståande røyst i den norske samtidslyrikken. Kleppe turnerer eit breitt register, og rører seg utvunge frå prosaiske «kaffestunder» til «universums ekspansjon».

FENGANDE SPRÅK
Lesaren kan lett verte forført og dregen med av det fengande språket. Her er augeblikk som er så sterke, lada og intense at ein tenkjer på 1890-talets nyromantikk, jamvel om «gråpapir» og «fluer» definitivt bryt med den mystiske og oppdrivne stemninga her: «Men i natt står alt i blomst, en natt/ av gråpapir, ekstase/ Også fluene er våkne,/ allting venter, ingen sover».
Astri Kleppe er utdanna partikkelfysikar, og Ivans blomster er den femte diktboka hennar. Spor av fysikaren finst i dikta, som referansar til logikaren Gottlob Frege, men det må seiast at Kleppe ikkje heftar dikta unødig med komplisert fysikk, for her er Kleppe først og fremst poet: «Men alt vi trodde på og visste - nå åler det seg ut/ av språk og algoritmer, spikrer/ Jegets Engel så granittfast at det andre synker vekk».
UT AV RAMMENE
Det forteljande omdreiingspunktet i dikta, knytt til Ivans biografi, den døde venen, ein russar og gartnar som levde og døydde kring siste verdskrig, held dikta samla innafor éin horisont. Biografien om - eller portretta av - Ivan, vert likevel bygd ut, til refleksjonar kring historia, kva ho tyder og kven ho tyder noko for: I sving er både den politiske historia til Europa - naturhistoria, dei religiøse opphavsmytane og den kosmologiske historia.
Dikta til Astri Kleppe sprenger seg så å seie ut av seg sjølv og rammene, slik dei òg bryt ut av Ivans biografi, stadig på jakt etter å utvide - å romme noko meir enn innsikter som berre avgrensar mennesket. Trass i at linene kan klinge noko arkaisk, utvidar Astri Kleppe rommet i norsk samtidspoesi.

Sindre Ekrheim, Dag og Tid

To the top

Author Astri Kleppe

A. C. Kleppe (f.1951) er fysiker. Hun har utgitt fire diktsamlinger, Bilder tegnet i dagslys (1990), Å løpe over en eng (1994), Før snøen samler stjerner (2000) og Den gangen vi var skog (2004). I 2006 kom hennes første novellesamling, Her ute.

To the top

Foreign rights