"Sjeldan har det vore så fint å falle, som med Inga Husby Sætres Fallteknikk. Sjeldan har noko så skakt og skeivt kjentest så rett. [...] Dialogen er knapp, men realistisk. Det er ikkje ulikt dramatikar Jon Fosse. Som han, er teksten jordnær, direkte og fri for metaforar. Det er ikkje kunstig. Folk seier kva folk plar seie. Men stor kunst blir det på grunn av musikaliteten i interaksjonen, rytma i rutene og balansa mellom det å seie for lite, og å seie så mykje, mykje meir enn det som står på sidene. Det er ikkje replikkar i kvar rute. Ikkje-verbal kommunikasjon er ikkje bare gjennom andletsuttrykk. Sjølv streken til Sætre snakkar. Stundom stø, stundom skjør, skjelven. Ikkje noko er tilfeldig her. Er eg lesar nok til å få med meg det heile? [...] Personleg set eg Sætre over han [Jeffrey Brown]. Ho er meir subtil, kjenslene meir uttrykte i strek enn i storleik på auger og smil. Språket er naivistisk type Erlend Loe, minimalistisk type Kjell Askildsen og ungdomskulefeminint som forfattar Ingvild Rishøi (1978). Til slutt ei oppmoing om å lese, og la seg inspirere."
Mette Karlsvik, Magasinett.noFallteknikk