"Kattejenta opnar opplevingane til to heilt vanlege småjenter. Forholdet mellom dei er så jordnært og greitt skildra at det er ein fryd. [...] Ruth er eit sært einebarn, som likar å bestemme sjølv, og som treng mykje tid åleine eller berre saman med katten sin. Kristin har fem sysken og er vant til å dele og vera i lag med folk eller dei to hundane i familien hennar. Boka faldar fint ut denne konflikten, som verkar uskuldig på dette småbarns nivået, men småborna som dette blir lese for, skjønar nok alvoret i desse situasjonsbileta . Nokon kvar kan kjenne det vanskeleg å takle dersom den eine vennen vil vera i lag, og den andre helst ikkje vil. [...] Det er Ruth sitt perspektiv vi ser historia frå, men det blir fortalt nok til at vi også får innblikk i korleis andre opplever henne. Veronika Erstad har funne ein fin balanse mellom å la Ruth vera nett så sær og ufordrageleg som ho kan vera, og samstundes få oss til å forstå kvifor ho er slik, og ha samkjensle med ho. [...] Forholdet mellom dei to jentene er så jordnært og greitt skildra at det er ein fryd. «Ein gong sa eg at eg ikkje fekk lov å la andre låne det fjernstyrte helikopteret. Eg kunne sjå på Kristin at ho ikkje trudde på meg. Likevel sa ho ikkje noko. Etterpå sa ho at ho måtte heim og ete.» Berre slik, enkelt og liketil. [...] Illustrasjonane til Bo Gaustad høver svært godt til denne teksten. Dei rufsete strekane signaliserer at det ikkje er så nøye, eg gjer som eg vil likevel, nett slik Ruth gjer – og katten hennar. Gaustad har òg fanga rørslene i jentekroppen og katten på ein treffande måte. Den smale streken av ein munn, augo som to rundingar med ein prikk på rett stad, og vi kjenner det heilt ned i magen kor skuffa ho er."
Marianne Lystrup, Vårt LandKattejenta