"Vestlendingen Hjalmar Dale var Helge Ingstads læremeister. Randulf Valles biografi er ei levande skildring av veidemannslivet hans i Nord-Canadas villmark for hundre år sidan. (...)Hjalmar Dale er den viktigaste sidepersonen i ei av dei viktigaste bøkene i norsk bokheim, difor fortener han sin eigen biografi. Valles bok kan òg lesast som sekundærlitteratur til Ingstads Pelsjegerliv, og forfattaren syner her korleis denne boka skil seg frå Amundsens og Finansens bøker: Hjå Ingstad handlar det ikkje om kartlegging av nytt land, om vitskaplege oppdaging ar og den nasjonale æra det fører med seg. Pelsjegerliv handlar om det store eventyret for eventyrets skuld, ein moderne tanke som framleis pregar vårt norske syn på friluftsliv."
Sjur Haga Bringeland , Dag og tidHjalmar Dale - den glemte eventyrer