"Debutant på rett hylle skriv originalt om det uoriginale livet. [...] Det viktigaste er å slå fast (eller hevde, som det heiter), at denne forfattaren har noko i litteraturen å gjere. Hallstrøm kjem inn til beinet av desse uunnverlege livsklisjeane våre. [...] Språket er knapt, originalt, aldri sentimentalt, men likevel inderleg på ein slags hemmeleg måte. Komposisjonen er gjennomtenkt, velfungerande og skapar lag og spennvidd i personar så vel som i tid. Replikkføringa er noko så sjeldan som overtydande. Observasjonane forteljarstemma gjer av omgjevnadene, er ikkje opplagde, det er heilt eigne utsnitt av tilværet, og seier noko om både språkkjensle og måtar å sjå ting på. [...] Romanforfattaren har noko på hjartet, og ei evne til å bringe det fram. Det er eit gripande verk"
Ingvild Bræin, Dag og tid